For eit par veke sidan forfatta eg dette brevet, til politikkarar her i heradet vårt. Det som møtte meg var så uproft, at ein gnist blei slukt. Brevet blei sett på som ei enkelt klage frå meg og ei kjensla om snakk over kaffikoppen blei gitt meg. Som om sonen min, Alfred og eg, -trengte tettare oppfølging i den tenesten som eksisterar, at me var svært misfornøyde. Det var aldri meint som ei klage på vår spebarnhelsesøster, for ho likar me svært godt. Men i heradet vårt er det tilsett fira helsesystre, men ingen brukar kontoret fast her vest. Vårt herad har ca 3500 inbyggarar. Sørfjorden deler heradet i to. Me bur på den sida av fjorden som har 40% av innbyggartalet. Kanskje du kjære lesar, kan skrive kva du synes om denne saken. Det vil varma. Utkant Noreg - helsepolitikk.
Eit brev frå ei mor i vest:
12. mars 2014
Det er mange ting i ein liten kommune ein
forventar er rettferdig. Ynskje er
at alle skal kjenne seg velkommen og likestilt. I kvardagen, og i møte med
offentlege tenestar.
Kanskje er den aller største bragda i
livet for ei kvinne å setje nytt liv til verda. For faren til barnet kan det å vera å få vera tilstades når
dette skjer, vera den største opplevinga i livet. Saman ønskjer dei få dagar etter fødselen å kunne bringe
familien, med det heilt nye barnet, heim. For å kunne kjenne at systemet
virkar, at det er rom å komme til for å få hjelp. Hjelp og råd til alt det som
skal på plass: Amming, vakenetter, søskensjalusi, foreldrerolla m.m. Dette
rommet er kanskje ekstra stort i små lokalsamfunn. Kor barnet er alfa og omega
for at samfunnet skal fungera og utvikla seg.
Her i Ullensvang vest opplever eg det på
ein annan måte. Desse tinga fungerer ikkje likt i heile heradet vårt. Fødande i
Ullensvang aust vender seg mot Voss sjukehus og kan komme seg der på under ein
time. I Noreg vel ein fritt kor ein skal føde sitt barn. Odda mister fødsler,
og det er talet på fødslar i løpet av eitt år som viser om det er behov for
fødestove ved eit sjukehus. Difor
har Odda mista si fødestova.
Fødande i Ullensvang vest vågar ikkje å
velje Voss sjukehus, for ingen veit når barnet kjem. Ferja sluttar å gå rundt
kl. 22.00. Ein må først til Odda
sjukehus for å bli undersøkt, for
så å reise i ambulanse til Haugesund. Ligge fastspent med tre selar over den
høggravide kroppen. Spenninga og redsla i heile kroppen er tilstades. Ein kan
ikkje røre seg, er jo i ein bil i ei hard lita seng. Forventningane. Lukka. Alt
utan din kjære, for han er det ikkje plass til inne i ambulansen, hans viktige
nærvær er i ein bil lenger bak. Han har også fått beskjed om å ikkje prøve å
følgje ambulansen om farten går opp. Han kan altså miste heile opplevinga av å
vera tilstades når hans barn bli født.
Kanskje ein er ein av dei heldige som når fram, etter eit par timar på
noko som skal prøve å likna på ei seng. Utsliten og trøtt i den høggravide
kroppen. Vil ha sin kjære nær seg, må vente for han er ikkje komen fram enda
–til sjukehuset. Barnet kjem, det er heilt perfekt. Haugesund sjukehus viser
profesjon og gir tryggleik. Men din kjære kan ikkje få mat her, ei heller kan
han få ei seng. Finn eit hotell, vera tre timar heimanfrå – ordna deg nå. Ein
heller ikkje vente besøk frå det barnet på tre år som sit heime og skjønnar
lite, men veit at ein stad langt der ute er mamma og far og vetlebroren. Kan
ikkje komme på besøk, det tar over tre timar ein veg, og du er berre tre år.
Det blir for mykje kjøring på ein så liten fin kropp. Mamma kan også kjenne
treåringen sine små nevar om halsen, når ho opplever dei andre barselskvinnene
sine barn kjem med full energi inn i rommet. På besøk, for å sjå det nye liv.
Si søster eller sin bror. Det blir tårer av slikt. Ullensvang vest ligg så
langt ute på grensa som det er mogeleg
på Helse Fonna sitt kart, som ein finn i gongen på sjukehuset.
Det er ein mogeleg å flytte barselstida
til Odda sjukehus, men av erfaring så var det ikkje greitt. Det var ikkje
greitt å ikkje møte nokon andre barselkvinner. At det var heilt stille. At det
ikkje var nokon på vakt om natta. At det var ein anna avdeling som hadde ansvar
for føden. Mange har snudd ryggen til Odda sjukehus. Kvifor veit eg ikkje. Det er i Odda vi finn vårt sjukehus. Eg ville vore stolt over å ha fødd mine
barn der inne i industribyen.
Så kjem ein heim, til huset og heimen og
den ventande treåringen. Som har kanskje venta litt for lenge, for kor har
mamma vore? (Mitt opphald varte i 5 dagar i Haugesund) Og ein ventar at her, i
vår vetle kommune, er det god kontakt mellom helsetenesta og den vetle og deira
foreldre. Men det er ikkje nokon ”stikkinnom- kontakt”. Det er ikkje enkelt å nå
helsesystera, for ho er på Utne helsekontor berre ein dag i veka, tysdag. Og
den dagen er full. Kom til timen. Du kan ringe. Og du kan reise ut å vege ditt
barn sjølv. Ammeproblem, barnet
skrik høgare, det er elska høgt. Bera nær hjarta, time etter time. Kjenne på
kreftene til den litle kroppen. Snart må få kvila. Reiser heim til heimbygda (
eg er tilflyttar og kjem frå ein kommune med liknande kommunestruktur som
Ullensvang, med to bygder, eg kjem frå den med minst innbyggarar, kor totalen
på innbyggarar i kommunen er 3600) ringer helsesystera. ”Kom ned med ein gong
du, eg er her. Kvar dag.” Opplever ein open kontordør og kaffi på kjelen.
Kanskje andre mødre med små nye barn i fanget i sofaen. Får sms med spørsmål om
korleis det går, og faktisk kjem ho oppom barndomsheimen min på kveldstid. –for
å fjølge opp. Var så takknemleg, så rørt – at det er mogeleg. Å få så god
hjelp, og ikkje kjenne seg mislukka. Heimatt til Sørfjorden. Veta at eg har
6-vekers kontroll med vetleguten den 11/3. –då fekk eg beskjed at me skulle
fyrst til helsesøster og så til legen. Det var standaren på 6 vekers
kontrollen. Såg fram til det. Vetle guten og eg hadde alt vore igjennom så mykje
sidan sist, då var han 4 veker. I dei to vekene hadde eg prøvd å minske
melkeproduksjonen (etter å ha lest på internett, fann eg ut –her må det vera
for mykje melk. Han stressar og får ikkje ned maten.) Me har fått hjelp av
helsesøstera i barndomskommunen, ho visste råd om mjølk og trøst om barnet og
mamma. Og ho viste til manuellterapaut, to behandlingar på Os. Og ein liten gutt som griner mykje
mindre) Så ringer telefonen, det er frå Helsesøsterkontoret i Ullensvang, ho
kan ikkje møta oss på 6-vekers kontrollen. Ei heller legen. Så det blir utsett
til 25/3 kl 13:00. Eg spør:”er det ikkje muleg å få komme til litt før, det er
14 dagar til” Svaret er at Helsesøstera skal ikkje til Utne før denne dagen.
Men ”kan eg då få komme til litt tidelegare på dagen? – det er ei litt dum tid
for oss?” Svar i andre enden: ”Nei, det er ikkje muleg. Dagen er heilt full”
”OK, svarar eg – me vil ikkje trenge oss inn i det som er fullt”. Det kjennes
merkeleg og trist at det er for fullt
hos helsesøstera i Ullensvang, eit herad kor det blir fødd i snitt 30
barn i året. Det er ingen stikk-innom, open dør til eit koseleg kontor med
barneteikningar eller kaffi på kjelen som ventar oss her i Ullensvang vest.
Ikkje veit eg korleis det er på austsida, men meir tid trur eg at det er. For Helsesøstera
brukar i alle fall ikkje opp tida si her vest.
Heldige oss, som på fredag fyller bilen
med småtassar og reiser mot sør. For å kunne veta at på måndag er det eit
helsesysterkontor som har døra open, om det skulle
vera noko sånn på tampen med eit heilt nytt menneske i familien.