tirsdag 31. desember 2013
tirsdag 24. desember 2013
mandag 23. desember 2013
mandag 16. desember 2013
Tusen takk for fine kommentarar.
![]() |
| Tusen takk for fine kommentarar. Det varmar, kvar einaste ein. -det er dei som gjer at det rører seg, at det er rørsle. Du, TUSEN TAKK. |
søndag 15. desember 2013
Det er ventetid, her på garden er det ventetid på fleire måtar.
![]() |
| Det er ventetid, her på garden er det ventetid på fleire måtar. |
![]() |
| Eg skal att få oppleve å bli mamma, tenk at det kjem til å vera to, to som kaller meg mamma. To ulike småtroll å undre seg over. |
![]() |
| Strikkar litt, det går sakte. Mykje går sakte. Utanom Anna Margrete, ho rørar seg fort, -på så mange måtar |
![]() |
| Annabella og eg vil ofte kvila, sova litt. Vekse litt. |
![]() |
| Nokre dagar var rett og slett så fine, nå er det bare vegar att. Og meir mørke, det er også veldig fint. Ynskje mørketida lenger, sola snur snart |
![]() |
| Lagar julekort med eple- og potettrykk |
![]() |
| Denne jakka heng framme, ei gåve frå god venn og kollega. Kjenner meg heldig, nokon brukar av si tid på å varme vårt barn. |
![]() |
| Sjølvportrett i spegelen, det er eg som er husfotografen. Mange heimar har ein husfotograf, så dokumentasjonen kan gå føre seg som her, i spegelen. Di ventetid? |
Etiketter:
jul2013
lørdag 14. desember 2013
torsdag 12. desember 2013
Å vera den som opnar opp og tar i mot.
![]() |
| Å ha bursdag i tidleg desember, er noko eg likar svært godt. Det passar på ein eller anna måte så godt å inviterar gjester inn. I romma ligg det ekstra varme, som luktar av ved og kanskje røykelse. |
![]() |
| -det ligg jo også ein tydeleg sårbarhet i dette, -med å invitere inn. Vera vertinne. Den er der også til å kjenne på, å også sjå seg sjølv sånn, i den som opnar opp og tar i mot. |
![]() |
| Kva gjest fekk ei lita notatbok, til tankar om og i det nye året som kjem. Kva månad er din månad? |
tirsdag 10. desember 2013
Liv som varmar liv.
Etiketter:
jul2013
fredag 6. desember 2013
Viser meg verda.
Etiketter:
jul2013
torsdag 28. november 2013
Har du ein pause-favoritt for tida?
![]() |
| Så i desse dagar er dette ein vidunderleg pause, gode folk og heimelaga skuleboller. Har du ein pause-favoritt for tida? |
Etiketter:
Vinter2013
mandag 25. november 2013
Dekkar du ditt bord?
![]() |
| Også kjem helgene, her har Anna Margrete laga frukostselskap til dukka Lisa og seg sjølv. Rigar seg til, pyntar og utforskar maten. |
![]() |
| Fint. Ho likar også å gjere bordet fint før måltid. |
![]() |
| Eplesaft frå eigen gard. Svært lite kan måle seg med det. Sjølv om suget etter å fylle munnen med kraftig raudvin i lag med veninner tikkar innom tankerekka mi, sånn av og til. Dekkar du ditt bord? |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 18. november 2013
Synes du november er ein god stad?
Etiketter:
Hausten2013,
ventetid
lørdag 16. november 2013
Drikk kaffi og ser inn i dette.
![]() |
| Sist helg hadde med finfint besøk. Min kjære bror med familie. Eg har ein bror, og han er veldig viktig for meg. Så på bilde: ein bukett fantasisk gjeng! |
![]() |
| Steiker lappar for å ete ute, mat som blir ete ute oppnår på ein måte nye dimensjonar. Det meste blir så mykje betre, stemninga, bålet, uterommet og ikkje minst tida i lag. |
![]() |
| Mi besta jenta i fjorlandskap. -i ull sjølvsagt. Genseren er strikka av mi tanta, og den brukte eg som lita. Framleis like fin. Stas. |
![]() |
| Og min kjære kokar kaffi, i ullgenser frå Island. Dette ullet har heilt spesielle eigenskapar, sidan det er så kraftigt held det også ute fuktigheit, og gir varme i store mengder. |
![]() |
| Det oppleves som lykke på mange måtar. |
![]() |
| Drikk kaffi og ser inn i dette. Håpar du har ein god laurdag! Er du ute i haustdagane? Er ull på kroppen viktig for deg? |
Etiketter:
Hausten2013
søndag 10. november 2013
24-timars ferie anbefalar eg på det varmaste.
![]() |
| Sist helg var me på ein 24-timars ferie, huset me budde i var over 100 år, høgt under taket og frittgåande sauer utanfor, og strikkasokkar inne. |
![]() |
| Å komme til varmt hus, bli servert var betasuppe, -er eit stykke god lykke. |
![]() |
| Me veks i lag, det heilt nye inne i meg og det som er mitt. |
![]() |
| Det er mange måtar å vise på at ein er glad. Hoppe i senga er ein. |
![]() |
| Hekle på senga er ein anna, i morgonlys med tekopp på nattbordet. |
Etiketter:
Hausten2013
mandag 4. november 2013
Det er det aller finaste eg kunne fortella akkurat nå.
![]() |
| Me er så heldige, som er blitt valgt på ny. At det veks inne i meg, at nokon er inne i meg og varmar seg. Veke 31. |
Etiketter:
kjærleik
mandag 28. oktober 2013
Så det gjer godt å veta at det er byar, som lever, -sine liv.
Etiketter:
Hausten2013
onsdag 23. oktober 2013
Eigaren av rommet kunne fort reisa seg i begeistring i møtet med sine eigne bamsar og dukker på nye eventyr.
Etiketter:
Hausten2013,
venskap
tirsdag 22. oktober 2013
Å vente på ein venn.
![]() |
| Å vente på venner, å speide etter nokon ein bryr seg om -er ei tid som inneber mykje |
![]() |
| Det meste er klart, Anna Margrete ventar. Ho ventar så godt, eg veit sjølv om forventningane rundt some møter, kor skjørt og ømfintleg det er, oss mennesker i mellom |
![]() |
![]() |
| Det er godt å vise fram til venner noko som ein mestrar i lag med sin eigen far |
Etiketter:
Hausten2013,
venskap
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

















































