Kanskje drikk eg sitronte med honning.
Tenkje ofte eg skulle ha brukt stolen meir, eller andre krokar i heimen. Ikkje berre slenge meg nedpå sofaen med fjernsynet når kvelden favne om meg. Dei kveldane eg vel fjernsynet vekk, for ei god bok, heklet, teen, skriveriet og andre sysler som eg eigentleg likar så svært godt. -kjenner eg på den gode kjensla når eg vel å vende meg inn i natta. At det gjor noko med meg, at det var fint. For det er fyrst etter eg flytta her til garden at fjernsynet kom inn i min heim, etter eg flytta frå barndomsheimen til garden, altså ti år. Ti år utan fjernsyn.
Sjølvsagt er det godt med fjernsynet av og til, berre vera å sjå det som blir tilbyd, har også nokre små favorittar. -men så og sei aldri seriar utan avslutning same kveld, det blir for mykje å binde seg til. (skjønnar eigentleg ikkje kvifor eg kjenner det sånn, eg jo heime uansett, men sånn er det iallefall -ingen seriar) Allikevel vel eg fjernsynet svært ofte, sånn i slutten, som ei avrunding.
Nå tenkje eg at det er tid for ei endring. Ikkje at fjernsynet skal ut, men at det ikkje rundar av dagen så ofte.
Korleis er det med deg? Kva vel du til avrunding for din dag?
|